Nytt prosjekt på klimatilpassing i frukt og bær

I prosjektet KlimaFrukt vil vi samanstille eksisterande kunnskap om kritiske faktorar og identifiserte eigenskapar knytta til klimaadaptasjon hos viktige sorter av våre dyrka frukt- og
bærarter. Videre vil vi gjennom kontrollerte forsøk auke vår kunnskap om forhold knytta til vekstavslutning, overvintring og knoppbryting hos utvalde bringebærsorter.

Vi manglar i dag nødvendig grunnleggande dokumentasjon på dette området, som grunnlag for vektlegging av vid klimatisk adapatasjon ved utprøving av utanlandske sorter og ved utvikling av nytt sortsmateriale frå det norske foredlingsprogrammet.

Prosjektet er treårig med oppstart i 2016 og er finanisert med midlar frå Landbruksdirektoratet (Klima- og miljøprogrammet). Prosjektpartnerar er Njøs næringsutvikling AS (prosjekteigar) og NIBIO Apelsvoll.