Njøs næringsutvikling skal delta i to nye FoU-prosjekt

Det skal bli meir av desse for norske forbrukarar, og betre lønsemd i dyrkinga gjennom det nye FoU-prosjektet som no er innvilga

Det skal bli meir av desse for norske forbrukarar, og betre lønsemd i dyrkinga gjennom det nye FoU-prosjektet som no er innvilga

Norges forskningsråd melder på sine sider at to forskningsprosjekt i frukt har fått løyvingar, og startar opp i 2017. "Et krafttak mot frukttrekreft" og "Auka volum av smakfulle norske plommer" fekk begge løyvingar. Fyrstnemnde er det Oslofjorden frukt og bær som står bak, medan Ullensvang fruktlager saman med fleire andre fruktlager har søkt midlar til plommeprosjektet. Nibio er FoU-partnar i begge prosjekta, medan Njøs næringsutvikling er underleverandør av tenester. 

Meir om saka hjå Forskningsrådet