Mjølkekartongar kan brukast til so mangt..

Blomar av Fritjof i eit Celinafelt på Njøs

I pæreprosjektet "Nye norske pærer" arbeider Njøs næringsutvikling med å finna dei beste løysingane for pollinering i pæresorten Celina. Me har funne ut at sorten Fritjof truleg er eit svært godt supplement til Anna og/eller Conference. Men kva gjer ein når ein ikkje har tre som blømer i feltet? Jau - hengjer opp kvister med Fritjof-blomster, der biene kan ta med seg pollen over til nabotrea av Celina, slik at dei vert befrukta. 

Og resultatet får me sjå til hausten!