Mild og våt desember avslutta 2016

010.JPG

Desember 2016 vart av det våte slaget. Målestasjonen på Njøs viste 240,1 mm nedbør mot normalt 118. Våtast var det den 30.12 med heilt 41,2 mm, men det var også vått i juledagane. 23,6mm på julaftan, 24,6 mm på juledag og 25 mm på 2. juledag. Men våte desember er noko me er vane med. I fjor var det endå våtare, med 277 mm, og i 2014 var det òg over 200 mm!

Medeltemperaturen for desember enda på 4,1 grader mot normalt 0,8. Dette er det varmaste som er registrert sidan 2006, då me hadde rekord for desember med 5,6 grader. Varmast var det den 30.12 då det vart registrert 10,7 grader. Høgste temperatur som er registert på Njøs i desember er 14,0 grader, og den rekorden er frå 1984.

Ser me året 2016 under eitt, enda me på 7,8 grader noko som er 1,2 grader over normalen. Året føyer seg inn i rekkja med vêrdata som fører til høgare gjennomsnittstemperatur og høgare nedbør jamført med normalen 1960-1990.