Me har bak oss ein solrik og varm juli månad i 2018

 Hausta rips i juli

Hausta rips i juli

Det var heile 13 sommardagar, som er dagar med over 25 grader, og alle dagane i juli hadde over 20 grader! Soltimemålaren viste at sola skein på Njøs heile 248 timar, og berre ein dag var utan sol. Den siste dagen i juli vare ein regntung dag med 21 mm nedbør og ikkje sol.

Det som me ikkje har statistikk på er tropenetter, netter der temperaturen ikkje går under 20 grader mellom kl 19 og kl 07 dagen etter. Me hadde to tropenetter i juli i år: Natta mellom 27. og 28. då gradestokken var lågast kl 21 med 20,6 grader, og natta mellom 29. og 30. då minimum vart registrert kl 01 med 20,7 grader. Det var altså tropenetter med god margin!

Det er juli 2014 som er nærast å samanlikna med, og me hadde lågare maksimumstemperatur i år jamført med 2014 – 31,6 mot 32,0. Derimot hadde me meir sol, fleire dagar med over 20 grader,  men meir regn (60 mm mot 33,4 mm).  I juli 2014 var det berre ei tropenatt.