Fruit logistica 2016 i Berlin

Fruit logistica 2016 vart avvikla 3.-5.februar. På denne messa i Berlin, som kjem inn etter Grüne Woche, møtest utstillarar og kjøparar av frukt og all slag utstyr til dyrking, pakking, transport og merking av frukt frå heile verda. Det vert halde mange møte og skrive mange kontrakter. Frå Njøs hadde me i år fokus på utstyr til økologisk dyrking, emballasje og merking i forhold til produkt frå Frukt og bærklyngja, i tillegg til å delta på det årlege Celina-møtet. Det vert lagt ut ei orientering frå det møtet under Celina-sidene på www.njos.no. Mange norske frå omsetnaden deltek på Fruit logistica kvart år, og frå Sogn og Fjordane har me kjennskap til 7 personar som deltok.

Les meir om Fruit logistica her> http://www.fruitlogistica.de/en/About/