Fantastisk juli 2014 på Njøs

Juli 2014 slo til med rekordvarme på Njøs, som dei fleste andre stader. Medeltemperaturen enda på 20,1 grader, som er heile 5,3 grader over normalen og 2 grader over førre rekord på 18,1 grader frå 2003. Sola skein heile 184 timar, og var framme alle dagar! Nedbøren, derimot, var det mindre med. Berre 33.4 mm, som berre er litt over det halve av normalen.

Det har vore ein strålande sommar så langt. Mai med 1,3 over normalen, juni med 1,9 over normalen, og no juli med 5,3 grader over normalen. Ein slik sommar har aldri tidlegare vore registrert på Njøs i den tida det har vore målingar her, heilt attende til 1929.

Det vart registrert 2 dagar med over 30 grader, varmast var det den 9.juli, med heile 32,0 grader. Rekorden er på 33,0 grader som vart målt manuelt i 1933, men det er svært uvanleg med temperaturar over 30 grader hjå oss. Det vart registrert 14 dagar med maksimumstemperaturar over 25 grader, i 2013 var det 4!