Dykingsrettleiing tindved

tindved Njøs 2010 aktuelt Dag 6.02.2018.jpg

Dykingsrettleiing tindved

 Heftet «Dyrking av tindved» omtalar m.a. arten tindved, krav til klima og vekseplass, sortar og tilgang til planter, planting, skjering og forming, vatning og gjødsling, ugras, sjukdomar og skadedyr, hausting og handtering etter hausting.

Heftet på 32 sider kan kjøpast ferdig trykt hos Njøs næringsutvikling AS (tlf 57656060, e-post: post@njos.no).  Det kostar kr 200 + mva og frakt.

Dyrkingsrettleiinga er skrive som ein del av prosjekta ”Nye frukt- og bærkulturar for Sogn og Fjordane” (finansiert av Fylkesmannen i Sogn og Fjordane og Sogn og Fjordane Fylkeskommune), «Innovative bærprodukter med helseprofil frå norskprodusert svarthyll og tindved» (finansiert av prosjekteigar Lerum Fabrikker AS, Norges forskningsråd og andre deltakande bedrifter) og «Tindved en vekst for fremtiden» (finansiert av Landbruksdirektoratet over Klima- og miljøprogrammet).

Full referanse: Røen, D. 2017. Dyrking av tindved. Njøs næringsutvikling AS – Rapport No. 8, 32 s.

Kontaktperson:
Dag Røen
Prosjektleiar
Tlf.:975 24 065
dag@njos.no