November 2016 - som normalt

Flotande

Vêrdata for meteorologistasjonen på Njøs viser at november var ein månad som normalt. Medeltemperaturen var 2,4 grader, som er 0,2 grader under normalen, medan det kom 116,4 mm regn, som er 17% over normalen.

Det var 11 dagar med minimumstemperatur under 11 grader, og kaldast var det på morgonkvisten den 8. november då gradestokken gjekk ned til 6,5 minus. 

Jordtemperaturen 10 cm nedi jorda starta månaden på 7,6 grader, og enda på 3,1 grader den 30.11 - så det går jamnt nedover med jordvarmen. 

Nytt forskingsprosjekt innan kompost til frukt og bær

Testforsøk på Njøs med utprøving av ulike vekstmedium for frukttre (SIMAS-kompost, torv og ulike blandingar av desse).

Testforsøk på Njøs med utprøving av ulike vekstmedium for frukttre (SIMAS-kompost, torv og ulike blandingar av desse).

RFF Vestlandet har løyvd 3 millionar til forskingsprosjektet "Utvikling og måling av effekt av kvalitetskompost til frukt- og bærproduksjon på Vestlandet".

Det er påvist førekomst av jordtrøyttleik og lite fruktbar jord i eplehagar og jordbæråkrar i både Hordaland og Sogn og Fjordane. No får Simas Næring AS inntil tre millionar kroner i støtte til å utforske bruk av lokalt produsert kompost til å forbetre jordkvaliteten i frukt- og bærdyrking.

Njøs Næringsutvikling AS har prosjektleiinga og i tillegg er Lindum AS, Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane AS, engelske East Malling Research, Universitetet i Poznan og Universitetet i Oslo med som forskingspartnarar i prosjektet. Saman skal dei mellom anna gjere forsøk med kompostbaserte alternativ til torv som dyrkingsmedium for epletre planta i potte og jordbær i sekk.

Forskarane vil legge vekt på å utnytte sjukdomshemmande organismar i komposttypar der matavfall inngår, slik at prosjektet også skal kunne bidra til mindre behov for kjemiske plantevernmiddel i næringa. Det vil elles vere ei sentral forskingsutfordring å finne gode metodar for å vaske ut salt frå komposten, då særleg jordbærplantar tåler salt dårleg.

- Dette er ei spennande vidareføring av eit forskingsprosjekt som tidlegare har fått kvalifiseringsstøtte frå fondet. Om ein kan bruke kompost som alternativ til lite berekraftig veksttorv, vil det både ha ein miljøgevinst og bidra til å løyse eit avfallsproblem. Forsking på alternative strategiar mot sjukdommar på frukttre og bærplantar er også av stor betyding for ein næring som er svært viktig for landsdelen vår, seier Tengesdal.

 

Fokus bringebær - fagsamling i Sogndal 27.-28.november 2015

Frukt- og bærklyngja i Sogn og Fjordane arrangerer fagdag i Sogndal den 27.-28. november. Informasjon med program og påmelding vert sendt ut via NLR Sogn og Fjordane. 

Nokre tema frå programmet:

  • Vekst og utvikling av bringebærplanten
  • Nye sorter
  • Bærkvalitet etter høsting og lagring
  • Resistens mot sprøytemidler
  • Tunneldyrking
  • Sprøyteteknikk
  • Resultater fra nye forskningsprosjekter 

                        

 

                                          PÅMELDING

 

Foto: Torbjørn Takle

Foto: Torbjørn Takle