Næringsklynga på forsøksgarden


Forsøksgarden er lokalisert på Njøs, nærare bestemt i Njøsavegen 5. Statens forsøksgard for fruktdyrking vart oppretta her i 1920, men Staten sitt engasjement i Njøs er i dag heilt avslutta. Idag er det Njøs Næringsutvikling, Graminor og Norsk Landbruksrådgiving Vest SA som held til her. Eigedomen er eigd av Bjørke eiendom, som er eit heileigd aksjeselskap av Graminor.

Næringsklyngja ligg tett ved administrasjonsbygget til Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, og i utkanten av Hermansverk sentrum, der sentraladministrasjonen til Sogn og Fjordane fylkeskommune held til.