VRI3 - Sogn og Fjordane - mat og reiseliv

Njøs næringsutvikling er ansvarleg for tema mat og reiseliv i VRI3, som Sogn og Fjordane fylkeskommune er prosjektansvarleg for, og som Vestlandsforsking leiar. Andre tema er Energi og IT, og det er ei eiga satsing på mobilitet. 

VRI (Verkemiddel for Regional Innovasjon) har fokus på å få bedriftene til å bruka meir FoU. Dette prøver ein å gjera gjennom ulike aktivitetar. 

Dialogkonferansar som set fokus på eit særskilt område, der ein i ettertid prøver å få til forskingsprosjekt i bedriftene som har delteke.

Kompetansemekling, der prosjektmedarbeidarane vitjar bedrifter og drøftar med bedriftene om det er problemstillingar som kan vera aktuelle for forskingsprosjekt

Bedriftsprosjekt, som er mindre prosjekt finansierte av Innovasjon Norge, der det er konkrete oppgåver som kan løysast som er innafor temaet til VRI 3. 

I mat og reiseliv er Bård Huseby (Vestlandsforsking) og Frode Hovland (Sogn og Fjordane fylkeskommune), viktige ressurspersonar i tillegg til Stein Harald Hjeltnes (Njøs næringsutvikling), som leiar delprosjektet.