Virusrensing i eple

Det vart påvist heksekost (apple proliferation phytoplasma) i eplefelt ved Njøs frukt- og bærsenter hausten 2008 og vi har sidan da hatt omsetnadsforbod for pode- og okulasjonskvist frå eigedomen. For å ta vare på den store samlinga av eplesortar på Njøs og samtidig blir fri for heksekost, har vi i perioden 2011-2015 rensa opp totalt nesten 400 sortar gjennom varmeterapi og tip-poding. Ferdig rensa materiale er testa for heksekost før utplanting i ny sortssamling. Denne rensinga har vore finansiert gjennom eit internt prosjekt i Njøs næringsutvikling AS, gjennom foredlingsprogrammet i eple i Graminor og gjennom løyvingar frå Norsk Genressurssenter.

 

Prosjektleiar: Dag Røen