Sortsdatabase i frukt og bær

Njøs næringsutvikling har sett i gang eit prosjekt for å utvikla ein sortsdatabase i frukt og bær, som kan gje informasjon om nye og gamle sortar av frukt og bær, og vera eit viktig verktøy for dei som eig og formeirar sortar til å halda orden på kontrakter, statistikkar og ulike typar hendingar som er knytte til sortsmaterialet. 

Sentrale BU midlar frå Innovasjon Norge er viktigaste finansieringskjelde, elles bidreg Graminor med ein betydeleg kontantsum. Andre finansieringskjelder er Norsk genressurssenter, Sagaplant, Gartnerhallen og Njøs næringsutvikling. Bioforsk deltek med eige arbeid i prosjektet

Rocketfarm på Campus Fosshaugane i Sogndal står for programmeringsarbeidet, og etter planen skal fyrste versjon av databasen vera klar ved utgangen av 2015.

Prosjektleiar: Stein Harald Hjeltnes