Mekanisk tynning av frukt

Njøs næringsutvikling testar ut Darwin frukt-tynnar i eple og plomme, for å vurdera dette som alternativ til kjemisk tynning. Bruken av kjemiske tynningsmiddel er vanskeleg, særleg i plommefrøplanter som Graminor har ansvar for. Difor kjøpte Graminor inn tynningsmaskina, medan Njøs næringsutvikling har stått for den tekniske utprøvinga, som har vore støtta av BU-fondet i Sogn og Fjordane via Fylkesmannens landbruksavdeling. 

Tynningsmaskina har verka fint i plomme, men føreset at underlaget er jamnt. I moderne epleplanting med bord er den mindre eigna, då den tynner for lite av blomen som sit på undersida og inne i treet. Det må som regel utførast ei manuell tynning etterpå, men arbeidet vert vesentleg mindre omfattande.