Sogn fruktrute

Framsida > Prosjekt > Prosjekt i gang

Visjon: Sogn som ein gjestfri, nyskapande og levande frukt- og bærregion. Sogn fruktrute har som mål å auka verdiskaping innan frukt- og bærproduksjon og reiseliv i Sogn, gjennom målretta satsing på nyskapande produkt, opplevingar og merkevarer. Dette skal bidra til å byggja oppatt ein stolt identitet kring frukt- og bærproduksjon i Sogn.

Prosjektet Sogn fruktrute strekk seg frå dei inste fjordarmane i Sognefjoren ved Sjolden, Lærdal og Aurland til Lavik ytterst i fjorden. Det er blitt eit nettverk på 14 aktørar som arbeider i kryssningspunktet mellom frukt og bær og turisme. Turistane som kjem til Sogn kjem gjerne hit p.g.a. fjorden, fjella og stavkyrkjene. Sogn som tradisjonsrikt frukt- og bærområde blir derimot lite profilert endå. 

I løpet av det siste 10-året har det vakse fram mange interessante opplevingstilbod med eit stort utval av produkt og gode smakar.  ISogn Fruktrute er det samla tilbydarar som har alt frå friske moreller, bringebær, plommer, eple og pærer – til ulike typar foredla produkt som syltetøy, nedlagde plommer, saft, juice, fruktvin, eplecider og fruktbrennevin.  Det er også guida turar, servering og overnatting hos ein del av tilbydarane.

Tradisjon og mangfald er to viktig kjenneteikn ved Sogn.  Ambisjonen er å samla Sogn til eitt fruktrike, og på ein profesjonell måte utnytta det potensialet som frukt og bær har i reiselivssamanheng.  Prosjektet vart avslutta med etablering av Sogn fruktrute som eigen organisasjon. 

Prosjektleiarar var: Maria Ahlin Moen, Gard Eitungjerde Høyvik
Tidsramme: 1.12.2008-31.12.2011 
Finansiering: Fylkesmannen i Sogn og Fjordane (frukt og bær rundt neste sving)