Programstyret for frukt og grønt

Programstyret i frukt og grønt er eit samarbeidsorgan mellom næringa, representert ved dei 5 største frukt- og grøntmottaka i fylket, det offentlege, representert ved Fylkesmannens landbruksavdeling og Sogn og Fjordane fylkeskommune og FoU, representert ved Njøs næringsutvikling. Programstyret stod bak det fyrste Arenaprosjektet i landbruk som starta opp i 2010, og arbeider for å auka verdiskapinga innan frukt- og grøntsektoren i fylket. 

Dei siste åra har programstyret vore samansett slik:

  • Torbjørn Takle, Fylkesmannens landbruksavdeling, leiar
  • Arne Monrad Johnsen, Sogn og Fjordane fylkeskommune
  • Rikard Lysne, Lærdal grønt
  • Øyvind Samnøy, Luster grønt
  • Jens Terje Hammervoll, Sognefrukt
  • Ola Hopperstad, Sognabær
  • Svein Kvame, Innvik fruktlager
  • Stein Harald Hjeltnes, Njøs næringsutvikling, sektretær