Pærejuice

Njøs næringstuvikling arbeider saman med Sognefrukt og TINE Fellesjuice om å utvikla ein Tine Premium pærejuice frå Sogn, og få denne inn som eit viktig produkt i daglegvarehandelen. Det skal også utviklast produksjon i Sognefrukt for å få levert mest mogeleg stabile avlingar av god industrikvalitet

Prosjektleiar: Liv Hatleli / Stein Harald Hjeltnes
Tidsramme: 1.01.2009-31.08.2011 
Finansiering: IN Sogn og Fjordane (prosjekteigar: Sognefrukt BA)

Pærejuice frå Sogn vart lansert i mai 2009, men er seinare trekt frå marknaden då den selde for lite i daglegvarebutikkane. Det vert no arbeidd med å utvikla andre produkt der pærejuice vert nytta saman med andre typar juice.