Nye tiltak mot raud rotròte (Phytophthora rubi) i bringebær

Njøs Næringsutvikling fekk i 2014 innvilga eit treårig prosjekt på utprøving av nye tiltak mot raud rotròte. Viktige prosjektpartnarar er Graminor og Norsk Landbruksrådgiving SFJ. Prosjektet har mange finansieringspartnarar: Vangsnes Grønt, Luster Grønt, Lærdal Grønt, Innvik fruktlager, Gartnerhallen, Bama, Nordox, Fylkesmannen SFJ, Fylkesmannen Hordaland, Fylkesmannen Vest Agder og Føregangsfylke økologisk frukt og bær.

Raud rotròte i bringebær skuldast eggsporesoppen Phytophthora rubi. Dette er ein alvorleg
skadegjerar som infiserer og drep røtene på bringebærplanta. P.rubi er klassifisert som ein karanteneskadegjerar, men er utbreidd på mange lokalitetar i Noreg. Han er særleg utbreidd i Sogn og Fjordane, som er fylket med den største produksjonen av bringebær, men skadegjeraren er også funnen i andre fylke.

Dei fleste utprøvingar og forsøk, både internasjonalt og nasjonalt syner at det i kampen mot
raud rotròte, er naudsynt med fleire tiltak samtidig. Det skal difor prøvast ut ulike handsamingar som kompost, kalk, gips, Nordox og Resistim i tillegg til opphøga bed.

Informasjonsarbeid opp mot produsentane er viktig ettersom ein hindrar raud rotròte best med førebyggjande rådgjerder. Det skal utviklast ein infofoldar der tilgjengeleg informasjon om raud rotròte er samla.

Det skal også vurderast mottakelegheit for P rubi i utvalde nye bringebærsortar. Sjukdomssterke sortar er viktig i all bringebærdyrking og ein føresetnad for å lukkast med økologisk bringebærproduksjon. Dei sortane vi dyrkar i dag og dei fleste nye sortar som blir lanserte er svært mottakelege for denne sjukdomen, men det pågår foredling for rotråteresistente sortar både i Noreg (Graminor) og ei rekke andre land. Reistente sortar vil gjera det mogeleg å halde fram med å dyrke bringebær på areal som er smitta med P. rubi og redusere faren for utbrot av sjukdomen i nye felt. Nye sortar vil bli prøvd i smitta felt hos dyrkarar for å få ei vurdering av resistensnivået hos desse sortane i samanlikning med ‘Glen Ample’. I tillegg vil det bli køyrt prøving av desse saman med andre lovande utanlandske og norske sortar og seleksjonar i kontrollerte forsøk der ein i vekstrom inokulerar planter med smitte av P. rubi.

Prosjektleiar: Liv Hatleli/ Maria Mazur