Kvalitetskompost til bruk i frukt- og bærhagar

Bruk av kompost i frukthagane gir auka innhald av organisk materiale i jorda, auka biologisk aktivitet og betre forhold for nytteorganismar på bakken. Kompost gir auka bufferevne i jorda for både vatn og næring og gir jamnare veksetilhøve for frukttrea.

Prosjektet “Kvalitetskompost til bruk i frukt- og bærhagar" ved Njøs næringsutvikling AS er ei direkte vidareføring av prosjektet ”Kompetanseutvikling og ny bruksmåte av kvalitetskompost i økologiske frukt- og bærhagar” frå 2010. Me utnyttar eksisterande kompetanse og kompostanlegg til å vidareutvikle metode og gjennomføre ei praktisk utprøving med bruk av kompost i frukt- og bærhagar. 

Partnarar i prosjektet er vist i lista under.

Prosjektleiar: Liv Hatleli

Tidsramme: 01.07.2011 - 01.04.2012

Finansiering: Føregangsfylket Økologisk frukt og bær, Fylkesmannen Hordaland og Fylkesmannen Sogn og Fjordane.