Økologisk visningsfelt

Det er etablert eit visningsfelt på Njøs, dyrka etter moderne dyrkingsprinsipp med fokus på sortsutprøving innan økologisk fruktdyrking. På feltet på Njøs vart det i 2011 dyrka grøngjødsling som førebuing før utplanting av feltet. Våren 2012 vert det planta ut pære, aprikos og plomme. Eple vart planta ut i 2013-14.

Målet er at arealet skal vera til inspirasjon for konvensjonelle dyrkarar som kan tenkje seg å drive økologisk, og gje nye idear til driftsformer for etablerte økologiske dyrkarar. Feltet vert også brukt til andre prosjekt innan økologisk fruktproduksjon. 

 

Prosjektleiar: Liv Hatleli og Maria Mazur

Tidsramme: 21.12.2010 - 

Finansiering: Prosjektet " Føregangsfylke for økologisk frukt og bær"