Karakterisering og evaluering av rotekte plommer

I 2007 vart det samla inn nær 50 ulike plommetypar på eiga rot frå heile landet. Blå, gule, raude og gulgrøne plommetypar vart samla inn frå Agder i Sør til Verdal i Nord og frå Vestlandet til Østerdalen. 

Skildringar og foto på Njøs viste at det er fleire synonym, noko som også vart stadfesta ved DNA-analyser på SLU Balsgård. 22 typar vert tekne vare på, rensa og oppformeirt slik at dei kan gjerast tilgjengelege for dei som ynskjer å få kjøpa slike tre. Ein del av sortane er også del av det Europeiske prosjektet PRUNDOC. 

Prosjektet er finansert av Norsk genressurssenter

Prosjektleiar: Stein Harald Hjeltnes