Innsatsfaktorar i økologisk frukt- og bærdyrking

Njøs Næringsutvikling har fått i oppdrag å gjere ei kartlegging av plantevernmiddel og gjødselmiddel som er godkjente i økologisk produksjon i Noreg.

Ein av utfordringane i norsk økologisk frukt- og bærproduksjon er at det er ulike vilkår for bruk av plantevernmiddel i økologisk drift i EU og i Noreg. Det er ulike årsaker til at ulike plantevernmiddel er godkjende i EU og ikkje i Noreg, som til dømes at den norske marknaden er for liten til at firma tek seg råd til å søkje om godkjenning for middelet her i landet. Dette kan vera middel som neem, eddik, svovelkalk eller syntetiske luktfeller. 

I løpet av dette året skal Njøs Næringsutvikling også gjennomføre ei utgreiing om gjødselmiddel til økologisk frukt- og bærproduksjon som gjev ein optimal gjødseleffekt til rett tid.

Prosjektleiar i Njøs næringsutvikling: Liv Hatleli