GRIP SJANSEN

Grip Sjansen er eit prosjekt retta mot unge gardbrukarar eller personar som er i ein fase der dei lurer på om dei skal over ta ein landbrukseigedom.

Grip sjansen er eit prosjekt som er finansiert med fylkeskommunale midlar, og er tenkt å auka rekrutteringa til frukt- og bærnæringa i Sogn og Fjordane. Unge, håpefulle bønder og ungdom som vurderer om det kan vera aktuelt å ta over ein landbrukseigedom, er målgruppa i dette prosjektet. Målet er å styrka rekruttering, sidan resten av frukt- og bærnæringa vil avhenge av god rekruttering på dyrkarsida.

Fem-seks unge vil utgjera eit ansikt utad, og vera eit samlande kontaktpunkt for dei andre deltakarane. Det skal opplevast samlande å vera ein del av dette nettverket, og forhåpentlegvis vil fellesskapskjensla gjera det meir attraktivt å satsa på frukt- og bærdyrking.

Det vil bli lagt opp til eit par samlingar i første omgang, med studieturar og markdagar i tillegg. Det vil først komma ein generell del for alle frukt- og bærslag. Og seinare vil det kanskje komma fagspesifikke samlingar.