Fruktvegg - ein ny dyrkingsmåte i eple

Fruktvegg og standard bordsystem i samanliknande forsøk på Njøs. Fruktvegg til høgre

Fruktvegg og standard bordsystem i samanliknande forsøk på Njøs. Fruktvegg til høgre

Njøs næringsutvikling har etablert eit felt med 7 ulike eplesortar der dyrkingsmåten fruktvegg vert samanlikna med vanleg moderne bord-system. Både skjering og tynning vert gjort maskinelt, så det er berre haustinga som skal gjerast for hand. Feltet vart planta i 2014, og enkelte av sortane hadde gode avlingar i fjor. 

Feltet vart skore med hekksaks den 5.juli, og sjølv om mykje frukter gjekk med under skjeringa, er det bra att - i alle fall på nokon av sortane. Me ser no tydeleg skilnad på dei to dyrkingssystema, og etter kvart kva som er dei største utfordringane med å få til produksjon av fyrsteklasses frukt. Det er mykje bladmasse som blir fjerna i fruktveggen, og såleis vil det gå ut over sukkerinnhaldet, kor mykje står att å sjå.