Frukt- og bærklyngja i Sogn og Fjordane

Frukt- og bærklyngja i Sogn og Fjordane er eit prosjekt som vart starta opp gjennom Programstyret i frukt og grønt, og var eit Arenaprosjekt i perioden 2010-2013. Etter det har prosjektet vore finansiert av Innovasjon Norge Sogn og Fjordane. Prosjektet skal utvikla frukt- og bærnæringa i Sogn og Fjordane si konkurransekraft gjennom målretta satsing på innovasjon, og visjonen er å bli leiande på innovasjonar i frukt og bær i landet. I alt 23 partnarar er medlemer av Frukt og bærklyngja, som har samla seg under merket "Sogn og Fjordane - Norges fruktfat".