FREMTIND

Prosjektet FREMTIND ser på potensialet for bruk av tindved i Noreg, både i kommersiell bærproduksjon og bruk som klimatilpassa vekst med andre føremål i eit endra klima (karbonfangst, hindre jorderosjon etc.).  

FREMTIND – «Tindved – en vekst for fremtident”, er eit 2-årig prosjekt (medio 2015-medio 2017), finansiert av Landbruksdirektoratet (Klima- og miljøprogrammet). Prosjekteigar er NIBIO og prosjektleiar er Teresa Gómez de la Bárcena (NIBIO Fureneset).

Prosjektet har som mål å evaluere fleirbruk av tindved og har to hovuddelar:

·         Bærproduksjon – oppfølging av pilotfelt etablert gjennom prosjektet «Innovative bærprodukter med helseprofil fra norskprodusert svarthyll og tindved» (NNU).

·         Klimatilpassing – heilheitleg vurdering av tindved si potensielle rolle i eit endra klima, med fokus på m.a. karbonfangst og bruk mot erosjon (NIBIO).

 

Prosjektleiar for NNU sin del: Dag Røen