Eple pluss - bedriftsutviklingsprosjekt i Sognefrukt og Innvik fruktlager

Njøs næringsutvikling er hyrt inn til å leia eit bedriftsutviklingsprosjekt for Sognefrukt og Innvik fruktlager

Prosjektet skal gå i 3 år frå 2013, men er finansiert for eitt år om gongen frå Innovasjon Norge i Sogn og Fjordane. Målet er å auka produksjonen av frukt og bær, men med særleg fokus på epleproduksjonen. Det er nært samarbeid med Dyrk smart prosjektet i Hardanger.

Biletet syner blomstring i 2015 i eit felt på Ylvisåker. Trea vart planta i august 2014, og vart leverte av Fjeld Hagebruk.

Prosjektleiar: Stein Harald Hjeltnes