Bladflekker i Celina - kva er årsaka

Bladskade i Celina, Njøs, 10.06.2017

Bladskade i Celina, Njøs, 10.06.2017

Me har fått inn ein del spørsmål frå dyrkarar som har sett mykje bladskade på Celina i det siste. Problemet er diskutert ein del her på huset, og me kan ikkje finna tilsvarande symptom som skuldast sopp. Eit sprøyteforsøk me hadde på Njøs med ulike bladgjødslingsemne for å finna årsaker til sprikking i Keiserinne sist på 1980-talet gav mykje tilsvarande skade. 

Pæreblad er generelt svært kjenslevâre for sviskader av kjemiske emne, og skaden ser mest ut som det kan vera etter bladgjødsling eller plantevernmiddel. I felta på Njøs har me ein del av det i det integrerte feltet, men ingen symptom i det økologiske feltet. Dette peikar også mot at det kan vera bladgjødslingspreparat. 

Me vil gjerne ha inn rapportar både frå dei som har slike skader og dei som ikkje har, og kva de har spøytt med i vår.