Auka omsetning av øko-frukt i storkjøkken

Njøs næringsutvikling har sidan 2013 vore ansvarlege for eit prosjekt med støtte frå Landbruksdirektoratet og Føregangsfylke økologisk frukt og bær, der målet er å auke forbruket av lokal, økologisk frukt i storkjøkkena i Sogn og Fjordane. Viktige samarbeidspartnarar er Sognefrukt og BAMA Storkjøkken, i tillegg til fleire offentlege instansar i regionen.

Visningshage
Njøs Næringsutvikling har etablert ein økologisk visningshage, der det vert prøvd ut både nye og velprøvde sortar av eple, aprikos, plomme og pære. Gjennom eit breiare produktspekter er målet å sikra forbrukarane tilgang på norskproduserte økologiske frukt gjennom ein større del av sesongen. Prosjektet skal blant anna testa ut ulike sortseigenskapar i forhold til dyrking og ikkje minst i forhold til kva den lokale marknaden etterspør. Salsleddet er i fyrste omgang Bama Storkjøkken som leverar til offentlege storkjøkken i helsesektor og forvaltning. 

 

Øko-eple til helseinstitusjonar
Økologiske eple vert dyrka utan bruk av lettløyseleg kunstgjødning og kjemisk-syntetiske sprøytemiddel. Forsøk syner at økologiske eple har eit høgt innhald av vitamin og antioksidantar. Dette kan vere viktige argument for å servere sunn mat for personar med svekka helse.

Både i 2013 og 2014 vart det omsett økoeple frå lokale produsentar gjennom Sognefrukt og Bama til storkjøkken i fylket. Særleg Helse Førde, som har vore ein viktig samarbeidspartnar i prosjektet, har teke i mot mykje eple. Dei sortane som har blitt distribuert er i hovudsak 'Discovery' og 'Raud Aroma', men også den noko seinare sorten 'Rubinstep'. Helseføretaket har no lagt inn i sine kravspesifikasjonar at dei i den norske sesongen ynskjer berre økologiske, lokale eple til alle sine institusjonar.

Øko-plommer
Plommer i sesong kan vera ei fin erstatning for druer! Dei søte og saftige norske plommene, med glatt, tunt skinn, er godt egna til konsum. Då dei har svært kort lagringstid, er det viktig å finne fram til seine sortar som kan forlenge sesongen. Det er fleire seine sortar til prøving i det økologiske visningsfeltet på Njøs. Desse har blitt vurdert dyrkingsmessig og kvaliteten på frukta har blitt analysert i tillegg til at kokkar ved ulike storkjøkken har gjennomført smakstestar.

Prosjektet går inn i sitt siste arbeidsår i 2015, og håpar på endå meir volum av økologisk frukt til ulike storkjøkken i fylket.

Prosjektleiar i Njøs nærlingsutvikling: Liv Hatleli/Oliver Prøven