Altantberry

Prosjektet ATLANTBERRY har som mål å legge grunnlaget for kommersiell bærproduksjon i tunell på Island, Færøyane og Grønland.

Full tittel er ”Expanding berry production in the North Atlantic region”.

I løpet av prosjektperioden skal det settast opp tunellar og etablerast prøveproduksjon av bær i tunell på Island (3 dyrkarar), Færøyane (1 dyrkar) og Grønland (Upernaviarsuk forsøksstasjon).

Prosjektdeltakarar frå Island er landbruksuniversitetet si avdeling i Reykir, ein hagebruksrettleiar og 3 dyrkarar. Frå Færøyane deltek forsøksstasjonen Búnaðarstovan og frå Grønland forsøksstasjonen Upernaviarsuk. Norske prosjektdeltakarar er Sognabær AS, Alvereng gård, Graminor AS, Sagaplant AS, FMLA Sogn og Fjordane, AL Gartnerhallen og Njøs næringsutvikling AS (prosjektleiing).

Dersom ein i det heile skal tenke seg bruk av plasttunellar på Færøyane og Grønland må det vera konstruksjonar som toler mykje vind. Eit vesentleg delmål i prosjektet er derfor å utvikle forsterka tunellar, dette skjer i samarbeid med SINTEF. Sognabær AS med deira Arctic Tunnel er ansvarlege for denne delen av prosjektet.

Prosjektleiar: Dag Røen
Tidsramme: 01.06.2010-31.12.2012
Finansiering: NORA (www.nora.fo) og lokal finansiering frå dei deltakande landa.