Overrisling istadenfor tåkesprøyta?- artikkel

Bruk av spreiaranlegg som alternativ til tåkesprøyte i økologisk epleproduksjon er aktuelt for tilførsle av økologisk tillatne plantevernmiddel som svovel og bakepulver til rett tid. Dette er også ei klimavenleg teknologisk løysing med potensiale til å redusera jordpakking, og spare arbeids- og traktortimar.

Fastmonterte spreiaranlegg er ikkje noko nytt, men har lenge blitt brukt i Sør-Tyrol for vatning og frostvatning. Alt på 50-talet vart det gjennomført forsøk med tilførsle av plantevernmiddel gjennom desse anlegga. Med auka areal under økologisk drift har teknologien på nytt blitt aktuell. I både Austerrike og Sør-Tyrol nyttar nokre dyrkarar allereie ombygde frostvatningsanlegg til å spreie plantevernmiddel som er tillatt brukt i økologisk drift. 

Sjå publisert artikkel i Norsk frukt og bær om emnet.

Auka omsetning av øko-frukt i storkjøkken

Auka omsetning av øko-frukt i storkjøkken

Njøs næringsutvikling har sidan 2013 vore ansvarlege for eit prosjekt med støtte frå Landbruksdirektoratet og Føregangsfylke økologisk frukt og bær, der målet er å auke forbruket av lokal, økologisk frukt i storkjøkkena i Sogn og Fjordane. Viktige samarbeidspartnarar er Sognefrukt og BAMA Storkjøkken, i tillegg til fleire offentlege instansar i regionen.