Refleksjonsduk gir betre farge på Celina

I European Fruit Journal nr 5, 2016, står ein liten notis som fortel om forsøk med refleksjonsduk hjå PC fruit i Belgia. Resultata var dei same anten duken låg under trea eller i køyregangane. Der det var brukt duk, hadde over 70% av fruktene god farge, medan tilsvarande var 60% der det ikkje var duk. 

Njøs næringsutvikling skal leggja ut refleksjonduk i deler av eit ungt Celina-felt 2 veker etter blomstring i 2016, og vil få ein del norske resultat på same tema, som vert presenterte til hausten. 

So raud kan Celina bli i solsteiken..