Rapport om Celina frå Fruit logistica 2016

Om lag 35 deltakarar frå Europa og Sør-Afrika deltok på dette møtet som summerte opp status for planting, marknad og kunnskap. Dette møtet var det fjerde i rekkja under Fruit logistica, og det har skjedd mykje sidan fyrste møtet. Trua på at QTee® skal verta ei sterk internasjonal merkevare har ikkje blitt mindre, men ein vel å ikkje gå alt for fort fram. Mange land og mange store produsentar er klar til å satsa større, men Wouters og ABC-z held litt att for at ein ikkje skal koma opp i vanskar.

2015 var den fyrste sesongen med eit kvantum som kunne testast skikkeleg i marknaden. Frå Belgia vart det eksportert 500 tonn til mange ulike destinasjonar i verda, og dei vil gjera det same i 2016. Wouters valde å testa i mange land, for å få tilbakemeldingar frå mange ulike marknader. I år testa dei UK, Belgia, Tyskland, Irland, Dubai, India, Sverige og Frankrike, medan Stargrow i Sør-Afrika vil utvikla marknader i Asia. Tilbakemeldingane har vore svært positive! Dei observerte litt svak holdbarheit i nokre parti i Belgia, og trur at dette er same problemet som Williams har – «premature ripening of Williams». Det skuldast kombinasjon av låg nattetemperatur (< 7°C) og høg dagtemperatur (>21 °C) i den siste månaden før hausting, og er noko me kan vera meir utsette for i Noreg enn lengre sør. Rådgjerder er anten å tilføra gibberellin eller å hausta litt tidlegare. Wouters hadde gjort forsøk med gibberellin (GA3) i år, og dei fruktene hadde ikkje problem. Det er altså eit fenomén me må vera merksame på, og sikra at me har tiltak som kan setjast inn.

Rett haustetid var oppe til diskusjon i år som i fjor. Kvart land må sjå på haustetid og lagringsforhold og laga standardar som ein fylgjer! Optimal fastleik ved hausting er 5,5-6,0 kg, og ein må aldri sleppa fruktene under 5,0 kg! Stivetest seier ingenting. Lagringstemperaturen må vera mellom -0,5 °C og -1,0 °C, lågare di høgare Brix fruktene har. Om ein lagrar på plussgrader, vert fruktene gule og har mindre å gå på under omsetning. Dette er tilrådingar som har lege fast eit par år. CA-lagring er enno ikkje tilrådd, då det gjev problem med indre misfarging. Det er heller ikkje noko stort problem, for pærene lagrar seg fint til ut desember. I Belgia vil dei halda fram med å sjå på bruk av Smartfresh. 

Dei fleste land brukar no Conference som pollensort, medan Packham vert brukt i Sør-Afrika.

Forskingsstasjonen IRTA i Spania har starta å arbeida med Celina. I Spania er det planta 400 daa fram til no (plantar i desember/januar), og dei skal planta 500 daa årleg framover. I 2020 eller 2021 forventar dei ein produksjon på 4.000 tonn frå Catalonia. (Belgia forventar 5.000 tonn til same tid). I forsøka ved IRTA har dei oppnådd avlingar året etter planting som dei knapt har sett i pære før. Dei har testa Celina mot referansesorten Blanquilla, som er rekna for å vera ein høgkvalitets tidlegsort. Celina er betre. Den har litt betre kvalitet, er litt saftigare, og scorar høgare på utsjånad. I diskusjonane kom det fram at mange meiner at QTee® kjem til å erstatta mange av tidlegsortane som vert dyrka i verda. Dette avheng sjølvsagt av kven som får tilgang til å dyrka, og korleis dei ulike varestraumar i ulike verdikjeder er sette saman.

I Slovakia har dei sett problem med Pseudomonas eller Alternaria (ikkje fastlagt organisme), gjennom stor utgang av blomsterknoppar på tre i sterk vekst. Dei såg ikkje problemet i tre med svakare vekst. I Belgia har dei sett litt av det same, og dette er noko som ein vil sjå meir på framover.

Celina er tolerant, men ikkje resistent mot pærebrann, og sidan sekundærbløming er viktigaste inngangsport for bakterien, tilrår dei no i Europa at slike blomsterklasar vert fjerna. Dei vil utvikla små og mindreverdige frukter, som ein ved mistak kan hausta. Difor er det dobbelt viktig å fjerna slike blomster. Celina må tynnast, og under tynningsarbeidet må ein fjerna grøne pærer.

 

Celina på standen til Fruites font

Celina på standen til Fruites font